
I skriftkulturens grenseland – tidleg literacy i barnehage, fritid og skule
Av Liv Ingrid Aske Håberg, Gudrun Kløve Juuhl, Stig Jarle Helset og Endre Brunstad (red.)
Laster...
Forfatter
Iris Hansson Myran er universitetslektor ved Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking ved NTNU. Ho har arbeidd mykje med formidling og forsking knytt til skriveopplæring. I tillegg held ho på med utviklingsarbeid i samarbeid med ulike nivå i utdanningsløpet.
Forfatter
Gudrun Kløve Juuhl er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Volda. Forskingsinteressene hennar er tekstar av born og unge, og korleis born og unge brukar tekstar, og elles tidleg literacy, retorikk og nynorsk skriftkultur og språkdidaktikk.
Forfatter
Hildegunn Hovde er høgskulelektor i musikk ved Høgskulen i Volda, der ho er studieprogramansvarleg for Bachelor i musikk. Ho forskar både vitskapleg og kunstbasert på song i barnehagen, og har ei særleg interesse for samanhengen mellom song og språk.
Forfatter
Karen Langsholt Holmqvist er førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen. Ho underviser i grunnskule- og barnehagelærarutdanninga, og arbeider særleg med språk og skrift i barnehagen og begynnaropplæringa. Ho har ein doktorgrad i runologi, og forskar på skrift, skriftspråkstileigning og mellomalderruner.
Forfatter
Kimberly Norrman er doktorgradsstudent i didaktikk med fokus på svensk og fleirspråklegheit ved Uppsala universitet. Ho har ei lærarutdanning frå USA og har jobba som barne- og ungdomsskulelærar i New York. I Sverige har ho undervist i engelsk, matematikk, naturvitskapleg orientering og kunst på ungdomsskulen. Ho forskar no på funksjonell skriving i tidlege skuleår frå eit fleirspråkleg perspektiv og underviser i lærarutdanninga.
Forfatter
Øystein Salhus er førstelektor i musikk ved Høgskulen i Volda, der han underviser i barnehagelærarutdanninga og ved institutt for musikk. Han forskar på tema knytt til barn og musikk, samt musikkens verknad på helse og livskvalitet.
Forfatter
Sissel M. Høisæter er professor i norsk språk ved Høgskulen på Vestlandet, der ho underviser og er rettleiar på master- og ph.d.-nivå. Ho arbeider særleg med retorikk og munnleg kommunikasjon, og korleis opplæring i dialogisk undervisning for lærarstudentar kan gjerast best mogleg.
Forfatter
Ingrid L. Saure er høgskulelektor ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Ho har ein master i nynorsk skriftkultur og underviser i litteratur og litteraturdidaktikk ved grunnskulelærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga.
Forfatter
Synnøve Matre er professor emerita i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU. Ho har arbeidd mykje med barns språk- og tekstutvikling og særleg interessert seg for samtalar med og mellom barn. Ho har også vore engasjert i arbeid med skriveopplæring, skriveutvikling og vurdering av skriving.
Forfatter
Stig Jarle Helset er professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda, der han er ansvarleg for Master i skriftkulturar. Han har arbeidd mykje med kartlegging av operative normer i dei norske skriftspråka og driv dessutan med sosiolingvistisk forsking og stadnamnforsking.
Forfatter
Berit Huse er høgskulelektor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, der ho underviser i pedagogikk i barnehagelærarutdanning og masterutdanning i spesialpedagogikk. Ho forskar på utvikling og læring knytt til dei yngste barna i barnehagen.
Forfatter
Bror Magnus S. Strand har ein doktorgrad i lingvistikk frå UiT Noregs arktiske universitet, der han no er tilsett som seniorrådgjevar i Seksjon for forsking og innovasjon. I doktorgradsavhandlinga si skreiv han om borns rolleleik, med særleg vekt på utviklinga av kompetanse i ulike register.
Forfatter
Randi Solheimer professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU. Ho har arbeidd særleg med skriveopplæring og vurdering av skriving, utvikling av språk- og tekstkompetanse i dei første skuleåra, sosiolingvistikk og språkpolitikk. Ho har også vore engasjert i fleire utviklingsprosjekt i lærarutdanninga.
Forfatter
Endre Brunstad er professor i nordisk fagdidaktikk/språk og fagleg leiar for lektorsenteret, Universitetet i Bergen. Han har arbeidd mykje med språkpolitikk og språknormering i dei nordiske språksamfunna og med problemstillingar knytte til språkkontakt og språkopplæring.
Forfatter
Hege Myklebust er førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen på Vestlandet, campus Stord, der ho underviser i norsk på syklus 2 i lærarutdanninga, og er rettleiar på master- og ph.d.-nivå. Myklebust har arbeidd mykje med samhandling i skrift og tale, og dei seinaste fem åra har forskinga hennar vore sentrert rundt læringssamtalane som lærarstudentar og barnehagelærarstudentar har med barn når dei er i praksis.
Forfatter
Ragni Vik Johnsen er fyrsteamanuensis i norsk på grunnskulelærarutdanninga ved UiT Noregs arktiske universitet. Ho har arbeidd med interaksjon i fleirspråklege familiar, og driv med sosiolingvistisk forsking på fleirspråklegheit hjå born og ungdom.
Forfatter
Marit Olave Riis-Johansen er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU. Ho har undervist, rettleia og forska særleg innafor tema knytt til barns språklege og kommunikative utvikling, skriving i begynnaropplæringa og munnlegheit og samtalar i skulen.
Forfatter
Liv Ingrid Aske Håberg er førsteamanuensis ved NLA Høgskolen Bergen. Hun er utdannet barnehagelærer og spesialpedagog, har doktorgrad innen didaktikk og pedagogikk på barnehagefeltet og mangeårig undervisningserfaring innen spesialpedagogisk arbeid. Hun er særlig opptatt av pedagogiske diskurser, inkludering i barnehage og samfunn og tidlig litterasitet. Håberg har deltatt i flere forskningsprosjekter og leder forskningsgruppen Tidlig litterasitet/Early literacy ved HVO. Hun har metodeundervisning på masternivå i tillegg til undervisning i barnehagelærerutdanningen. Håberg har utgitt flere vitenskapelige artikler.
Forfatter
Kathrin Liselott Storebø er høgskulelektor i matematikkdidaktikk ved NLA Høgskolen, der ho underviser i grunnskule- og barnehagelærarutdanninga. Ho jobbar særleg med den første matematikkopplæringa og korleis leik, resonnering og problemløysing kan berike matematikkundervisninga.
Forfatter
Ragnhild Lie Anderson er førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen og har forska innanfor sosiolingvistikk. Ho er også oppteken av fagdidaktisk forsking, særleg knytt til talemål, språkhaldningar og nynorskopplæring.