Hege Myklebust
Hege Myklebust er førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen på Vestlandet, campus Stord, der ho underviser i norsk på syklus 2 i lærarutdanninga, og er rettleiar på master- og ph.d.-nivå. Myklebust har arbeidd mykje med samhandling i skrift og tale, og dei seinaste fem åra har forskinga hennar vore sentrert rundt læringssamtalane som lærarstudentar og barnehagelærarstudentar har med barn når dei er i praksis.