Laster...
Laster...
Av Liv Ingrid Aske Håberg, Endre Brunstad, Gudrun Kløve Juuhl, Stig Jarle Helset, 2024, Heftet
Bok 6 i serien Skriftkultur
I dette sjette nummeret av skriftserien Skriftkultur rettar vi søkjelyset på eitt av skriftkulturens grenseland – nærare bestemt perioden der barn i alderen 0–8 år utviklar språk og vert innlemma i skriftkulturen og tekstsamfunnet.
Barn byrjar den formelle opplæringa i lesing, skriving og skriftspråk når dei byrjar på skulen, og då vert dei offisielt opptekne som aspirantar i skriftkulturen. Likevel er skulestart berre ei av mange hendingar i prosessen der barn vert deltakarar i skriftkulturen og tekstsamfunnet. Innlemminga i det skriftlege skjer, i tillegg til i skulen, både i barnehagen, heime og elles på fritida. Vi kan altså snakka om eit stort grenseland til skriftkulturen som omfattar den tida i livet og dei aktivitetane barn held på med før dei til fulle meistrar skriftspråket. Dette grenselandet vert ofte omtala som tidleg eller emergent literacy og er kjenneteikna av aukande språkleg kompetanse både med omsyn til verbalt språk og skriftspråk.
Produseres på bestilling. Sendes fra oss i løpet av 1–2 uker.
Fri frakt på bestillinger over 349,-