Dette temanummeret av Skriftkultur handlar om litteratur og litteraturdidaktikk. Å forske på litteraturundervisning inneber at vi må ta omsyn til at vilkåra for litteratur og lesing har endra seg: Elevane les mindre litteratur enn kva dei gjorde før, og dei vel å lese korte tekstar både på skulen og på fritida, ifølgje fleire PISA- og PIRLS-undersøkingar. Det skjer på den måten ei marginalisering av lesing av lengre, gjerne komplekse, tekstar som krev uthald og kognitivt tolmod.
Samstundes er styresmaktene opptatt av at lesing må prioriterast, og det er sett i verk satsingar som skal stimulere til meir langlesing og tilskot til innkjøp av fysiske lærebøker og litteratur i skulen. På denne bakgrunnen er det viktig at ein i lærarutdanninga og i skulen diskuterer litteratur og litteraturundervisninga sin posisjon i fortid og notid, og korleis undervisninga òg kan stimulere til kreativitet, lesemotivasjon og leseglede. Det stadsbaserte i litteraturen står også sentralt i arbeidet med å skape relevans og meining, både analogt og digitalt og på tvers av nasjonale skiljelinjer og utdanningsinstitusjonar, samtidig som skulebiblioteka kan vere ein litterær arena for å danne god lesekultur i skulen.