
Stemma og stilla i musikk og litteratur. Festskrift til Magnar Åm
Helga Synnevåg Løvoll, Elizabeth Oltedal, Geir Petter Hjorthol, Jan Inge Sørbø
Laster...
Laster...
Av Helga Synnevåg Løvoll, Elizabeth Oltedal, Geir Petter Hjorthol, Jan Inge Sørbø, 2022, Ebok
Bok 43 i serien Religionsfag Profil
Denne boka er eit festskrift i høve 70-årsdagen til komponisten, pedagogen, dirigenten og samfunnsmennesket Magnar Åm. Heilt frå starten av komposisjonsarbeidet hans har musikken som erkjenningsform stått sentralt, men også trongen til å bryte grensene mellom etablerte former og konvensjonar. Dette har fungert som leietrådar også for bidraga til denne antologien. Målet har ikkje berre vore å lage eit heidersskrift til éin person, men å vere ei kjelde til ny innsikt.
Musikk og litteratur handlar om skaping og formidling av meining. Slik sett er det paradoksalt å snakke om stille som eit sentralt kjenneteikn ved desse kunstartane. Men alle som les og lyttar aktivt, veit at det er meir å hente i kunsten enn det som ligg i det umiddelbare og eksplisitte uttrykket. Stemma (i vid tyding) har stilla som si komplementære motsetning.