
Oppbrotsteologi på det lange 70-talet
Jan Ove Ulstein
Av Jan Ove Ulstein, 2023, Innbundet
Bok i serien Religionsfag Profil
I 1978 disputerte Helge Hognestad for doktorgraden i Gamle festsal ved Universitetet i Oslo. Salen var fullstappa, og der var trampeklapp og buing. Avhandlinga analyserte andaktar over tekster frå Matteusevangeliet i aviser og kristelege organisasjonsblad og fann at dei stort sett legitimerte kyrkjeinstitusjonen og ikkje det tekstene sa. Det som forblinda dei, var den lutherske læra om rettferdiggjering ved tru åleine, grunngitt i Jesu soningsdød, vår påstanden.
Avhandlinga fekk grundig drøfting, med mykje kritikk. Hognestad stod i samtida som eit mediesynleg symbol på den radikale kritikaren av samfunn og kyrkje, opprøraren som ville opne kyrkja, men som møtte motstand då han ville søkje stilling som prest, med forkjetring frå indre bane og applaus i mediefeltet. Boka framstiller både dei teologiske brytingane og forviklingane omkring prestetenesta.
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 299,-