
Skrivelysten?
Tordis Irene Fosse
Av Tordis Irene Fosse, 2013, Innbundet
Skriving er lettare å gripe til enn nokosinne. Nå skriv dei som før ikkje ville gjort det. Tanken bak denne muntre og alvorlege boka er at mange kan ha glede av å skrive. Skriving er som å gå tur eller baka bollar eller danse eller prate – ikkje berre for spesialistar. Og det blir andre bollar med nye oppskrifter.
Boka handlar om å oppdage det forunderlege og vedunderlege i mange slags skriving. Tekster kan koma til verda med mye fryd og lite akk og ve. Skrivaren skal få oppdage noko nytt. Skriving kan forandre den som skriv, og dei som tek imot. Ein kan skrive for seg sjølv, for sine nære og mindre nære – og for eit større publikum.
Fri frakt på bestillinger over 299,-