Oppbrotsteologi på det lange 70-talet
Frigjeringsteologi, marxisme, sosialetikk
Av Jan Ove Ulstein, 2022, Innbundet
- Akademisk
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 399,-
68-opprøret var eit internasjonalt fenomen som nådde Norge og som kom til å prege 1970-åra. Radikalisering av unge kristne var ein særprega del av opprøret. Utanfor den amerikanske ambassaden demonstrerte teologiske studentar mot krigen i Vietnam. Og det skjedde ei vekking til ansvar for den tredje verda, som medskuldige i kolonialismen. Kyrkjenes Verdsråd registrerte ei revolusjonær oppbrotsstemning i verda, saman med ein tilsvarande frigjeringsteologi: Gud står på dei undertrykte si side! Her heime vart kapitalismen i form av den korporative sosialdemokratiske staten gjort til ein hovudfiende. Vi fekk også ein radikal kvinnekamp.
I denne situasjonen fekk vi fenomenet ‘kristen-radikalarane’, som raskt vart til kristen-sosialistar. Desse fekk behov både for å legitimere seg teologisk overfor ei borgarleg kyrkje og for å utforme ein teologi som grunngav aktiviteten.
Denne boka er første del av den første større undersøkinga av korleis kristen-radikalarane utvikla ein teologi for sin praksis i det som er kalla ‘det lange 70-talet’. Oppbrotet gjaldt ikkje berre politikk og marxisme. Det kom også ei sosialetisk vekking, inkludert eit økologisk engasjement og eit kvinneopprør i kyrkja. Boka fylgjer brytingane tett i tekst og tid, der teologien skjer.
Boka vender seg til den som er interessert i 68-fenomenet og vil ha ei grundig historie om korleis radikaliseringa arta seg i teologisk bryting og sosialetisk engasjement i denne turbulente perioden.
– Rune Slagstad, Dag og Tid 13. mai 2022«Ulsteins Oppbrotsteologi på det lange 70-talet er ei rettkomen påminning om at også trus- og kyrkjelivet er ein del av norsk historie. Det er ei opplyftande og rik bok Ulstein legg fram - eit teologisk nybrotsarbeid.»
