Mor og far i himmelen
Av Alf Kjetil Walgermo, 2016, Lydbok
Sendes umiddelbart
Ved kjøp av digitale produkter gjelder ikke angrerett.Lydbøkene og e-bøkene lagres på Min side under Digitale produkter, hvor man enkelt kan laste dem ned.
Dette er ei unik bok; poetisk, velkomponert, klok, dristig og varm. Ei dramatisk bok som våger å stille store spørsmål, med utgangspunkt i eit djupt alvorleg emne: eit barn som mister begge foreldra sine i ei bilulukke. Boka er utforma som ei bøn. Ei bøn frå ei ung jente til Bibelens Gud. Det er ei bok om ei stor sorg, men også om tru: på englar, på evig liv, på den kristne Gud. Og det er ei bok om religiøs undring og tvil hjå eit barn: Korleis kan Gud la så fæle ting skje?
"Sidan språket er så enkelt og vart, opnar teksten godt for samtale og refleksjon. Forfattaren skaper med imponerande få ord ei rik stemning, med plass for både lun Ole Brumm-kos og himmelropande eksistensiell smerte."
– May Grethe Lerum, VG
