Diktsamlinga Liv, eg har drukke leitar i ord og verseliner, minne og bilete etter ein lyrisk kjærleik. Kva andar enno i dikt skrivne for over eit hundreår sidan? Kvar må ein gå for å høyre den daude syngje? Falle inn i orda dine som utfor ein skrent, som eit tre i stormen dreg med seg grunnen og alle røtene, sperrar vegen, opnar landskapet for ny skog, for neste vår.
Diktsamlinga Liv, eg har drukke leitar i ord og verseliner, minne og bilete etter ein lyrisk kjærleik. Kva andar enno i dikt skrivne for over eit hundreår sidan? Kvar må ein gå for å høyre den daude syngje? Falle inn i orda dine som utfor ein skrent, som eit tre i stormen dreg med seg grunnen og alle røtene, sperrar vegen, opnar landskapet for ny skog, for neste vår.
379,-
Om forfatterenProduktinformasjon
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2024
Forlag: Flamme forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788282885553
Antall sider: 96
Serienavn: Fº
Serienummer: 523
Kategori: Norsk skjønnlitteratur for voksne, Lyrikk, Lyrikk og skuespill
Anmeldelser
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 299,-
«Liv, eg har drukke er vakker. Tidvis svært vakker. Skjetne dikter i direkte forlengelse av Nygards vers. Og fordi han skriver så godt, blir de gamle versene som inspirerer den nye poesien dagsaktuelle.»
Adresseavisen
«Jo meir tid eg har bruka til å famna inn desse svært ulike dikta, jo meir stig samanhengen og mangfaldet fram. Ei forunderleg bok der poeten vågar både sprang og brot, men der desse tinga, nærast som vatnet i ein fjellbekk, som tonane i ei folkevise, likevel finn saman og held heilskapen oppe. (...) Eg vert løfta og inspirert av så mange av desse gjennomarbeidde linjene (...) Ikkje mange poetar kan halda ein så høg konsentrasjon på det same nivået over tid.»
Krabben Poesikritikk
«I Liv, eg har drukke auser Erlend Skjetne kjennskapen og kjærleiken sin til Nygard, og skriv seg inn i både dikta og livshistoria hans. (...) Mest interessant er boka der Skjetne nærmar seg Nygard med størst mot i bringa – der han går direkte i dialog med han og skriv ein slags Nygardvariasjonar, i ein mollstemd, men likevel vital litterær leik med dikta og livet hans.»
Klassekampen Bokmagasinet
«Diktere har til alle tider hatt andre diktere som forbilder. Den nye boka til Erlend Skjetne gjør et tydelig poeng av sitt forbilde: Olav Nygard (...) Skjetnes dikt står på egne bein, og de står godt. Alt i alt er det en fin hyllestbok»
Erlend Skjetne (f. 1988) kjem frå Melhus og skriv bøker for både vaksne og ungdom. For diktsamlinga Skare (2019) vart han nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. I 2021 vart Skjetne tildelt NTNUs litteraturpris og Bokhandelens forfattarstipend. For Eit anna blikk fekk han Brageprisen i klassen barne- og ungdomsbøker. For same bok vart han òg nominert til Kritikerprisen. Hans førebels siste utgjeving er romanen Svart skissebok (2025).