Leseløve - Kjendisen
Av Rune Belsvik, illustrert av Kari Stai, 2015, Innbundet
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 399,-
Alle dei vaksne i Tullevik gler seg til at den populære kjendisen skal komma til bygda og synga for dei. Men det er berre Mo som veit at kjendisen har ramla ned i ei bratt grop i skogen og verken har mobil eller nokon til å hjelpa seg. Dette skal han visa til Unn, som han er så innmari forelska i!
Kjendisen er Rune Belsvik på sitt beste. Umiskjennelig, spennande, varm og hylande morosam.
Leseløvene er lette å lese, med korte linjer og stor skrift. Bøkene passer for barn fra syv år som kan få oppleve gleden ved å lese en hel bok selv.
"Rune Belsvik er ein viktig forfattar.
Også når han skriv Leseløver. [...] Boka kjem ikkje med openlys
kritikk, langt ifrå, men gjennom
den enkle historia om vennene
Mo og Unn og deira møte med
Kjendisen, som kjem til bygda
for å syngje på kafeen, siv det
inn nokre strimer av elegante
perspektiv og opplegg for etiske
refleksjonar. [...] Det er eggande for
lesaren sin eigen fantasi når det
skrivne er så knapt. Du får nokre
knaggar, og så må du skape deg
dine eigne bilete inne i hovudet. [...] Her er litt av kvart
både å tenkja på og tala om. [...] Boka er gjennomillustrert
av Kari Stai. Ho har
treft den truskuldige tonen i forteljinga
svært godt. Med sikker
sans for nyansar har ho teke på
kornet ei rad av rørsler [...] Til saman skaper dei to
ei nydeleg bok med mange lag i."– Marianne Lystrup, Vårt Land
