Du ventar på å bli henta. Eg veit ikkje av kva eller kven, men du gjer jo det. Frå mentale kjellarar eller bokstavelige loft. Eg ser deg heile tida, stå og vente. I byen eg bur i, byen som ventar. Du kan sjå det på kranene. Heile verda ventar, sjølv når den spring om kapp, sjølv når den spinnar om seg sjølv. Ventar på eit skifte, ein revolusjon, ein kollaps. Januar ventar på februar. Dagen blir henta av natta. Orda ventar på auger. Dikt ventar på å bli lest.

139,-
Sendes umiddelbart
Ved kjøp av digitale produkter gjelder ikke angrerett. Lydbøkene og e-bøkene lagres på Min side under Digitale produkter, hvor man enkelt kan laste dem ned.
Kjersti Wøien Håland (f. 1988) kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Ho debuterte med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti i 2013 og vart nominert til Ungdommens Kritikerpris for romanen Dommedøgn (2014). Ho skreiv manuset til TV-serien Lovleg (2018–2019).