Kjære søster
Av Alf Kjetil Walgermo, 2015, Innbundet
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 399,-
Når eit menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet.
Etter at Amalie døyr, begynner storesøstera Eli Anne å skrive til henne på veggen hennar. Ho skal snart legge profilen ned – ta ein endeleg avskjed – men kvir seg for å ta det siste steget. Eli Anne skriv på veggen til Amalie og ser attende på forholdet deira: på endringar av status, på løgner og sjalusi, men også på kjærleiken mellom to søstrer.
Kjære søster er ei forteljing som rommar både sorg, anger og skam – men også glede, livskraft og håp. Det er i tillegg ein roman om musikk, der ulike musikksjangrar og kunstsyn får bryne seg mot kvarandre.
"Det handlar mykje om syskenkjærleik, men også sjalusi - dei var glade i den same guten. Eli Anne synst ho har mykje å be Amalie tilgje, og forfattaren teiknar vakre, truverdige portrett av båe to. Dei er jenter i tenåra, og forfattaren greier med enkle grep å få dei til å hange psykologisk i hop. Det er godt gjort [...] Språkleg er Walgermo som i tidlegare bøker svært stødig, spesielt vil eg trekke fram at han har ei eiga evne til å seie mykje med få, velvalde ord."
– Bjarne Tveiten, Fædrelandsvennen
