
Sannhetens pris - Alexander Kielland - en beretning
Tor Obrestad
Av Tor Obrestad, Mansur Rajih, 2000, Heftet
Dikt på arabisk og norsk.
Mansur Rajih vart dømt til døden i Jemen i 1983 etter at det vart fabrikert ein tiltale mot han for mord. Han sat fengsla i femten år, sju år med fotlenker. Folk i Jemen elskar dikta han, og venner smugla dei ut av fengslet, og sørga for at dei vart trykte i aviser over heile den arabiske verda. "Eg skriv kvar dag. Eg skriv mot terror, mot all urett. Og når eg skriv, er det som eg greier å sleppe ut av fengslet ein augneblink."
Fri frakt på bestillinger over 299,-
Mansur Rajih er født i 1958, han var president for den jemenske Studentunionen og eit framskote medlem av Den Nasjonale Demokratiske Front, det viktigaste opposisjonspartiet i Jemen. To dagar etter at han hadde gifta seg i 1983 vart han arrestert av dei nasjonale sikkerhetsstyrkane, og det vart fabrikert ein tiltale mot han for mord. Mansur Raijh sat fengsla i femten år, før eit langvarig internasjonalt press førte til at han blei sett fri. Dikta hans blei smugla ut av fengselet og trykt i aviser over heile den arabiske verda. Dikta er gjendikta av Tor Obrestad. Rajih og hans familie er nå busatt i Stavanger.
Forfatteren om seg selv