Laster...
Av Aud Mikkelsen Tretvik, 2025, Heftet
Handbok i lokalhistorie gir rettleiing i korleis komme seg i gang med lokalhistorisk forsking og studium. Den viser korleis gjennomføre ei undersøking, med orientering i litteratur, publiserte kjelder og ulike kategoriar primærkjelder i arkiv, samlingar og museum. Det blir også gitt innføring i ulike metodar for å skape kjeldemateriale sjølv.
Hovuddelen av boka er inndelt i tematiske kapittel som tar for seg ulike nivå eller storleikar for lokalhistoriske undersøkingar, frå enkeltindividet og familien, hus og inventar, til grend, bygd, by og region, og til sist grensekryssande eller samanfletta lokalhistorie. Breie forskingsspørsmål relatert til tematikkar som har vore sentrale i lokalhistorisk forsking, blir presentert. For kvart forskingsspørsmål er det skissert aktuelle kjelder og metodar for å finne svar. Dette er tenkt som ein idébank for studentar og forskarar som skal i gang med lokale undersøkingar.
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 299,-