Laster...
Av Rune Belsvik, 2025, Lydbok
«Har vi bruk for oss sjøl lenger? Viss ingen vil ta oss i arbeid, og kjøpa opp den vesentlege delen av vår vaksne tilstand. Viss vi ikkje blir sysselsette. Viss samfunnet likevel går sin eigen gong utan vår innsats. Har vi då bruk for oss sjøl? Har vi noko glede av oss? Kva skal eg eigentleg med meg?» Slike tankar gjer Arthur Sverre seg, ein oppsagt bank kasserar og lykkeleg onanist, som er komen i utakt med kona si. Han må ta ein lang tur inn i seg sjøl, til heimlandet og barndomen, til den første kjærleiken og det første sviket. Kjenslebindingane og løgnene, sjalusien og sidespranga — alt skal på bordet! Trist? Javel, men dette er ingen reprise på den velkjende klagesongen om Mannen. Rune Belsvik er velsigna ærleg, og full av lått og sprelske hugskott også når alt ser svart ut. Ja, ikkje minst då. Kanskje er det likevel von for Arthur Sverre? Han rotar og drikk og drøymer om nakne kvinnekroppar. Han er sjuk etter kjærleik, har alltid vore det, men han er ein god gut: GUTEN SIN.

Sendes umiddelbart
Ved kjøp av digitale produkter gjelder ikke angrerett. Lydbøkene og e-bøkene lagres på Min side under Digitale produkter, hvor man enkelt kan laste dem ned.Rune Belsvik er fødd i Haugesund i 1956 og oppvokst på Stord. Han bur nå i Randesund ved Kristiansand. Rune Belsvik debuterte i 1979 med Ingen drittunge lenger, som han også fekk Noregs mållags pris for i 1980. For barnebøkene om Dustefjerten har Belsvik fått Kulturdepartementets litteraturpris. Dustefjerten er òg kjend frå barnetimen i NRK.
Rune Belsvik blei tildelt Brageprisen 2000 for beste ungdomsbok, og har eit breitt og mykje verdsett forfattarskap bak seg. Han har dikta ei vedunderleg forteljing -Verdas mest forelska par (2001) - for barn og vaksne om kjærleikens magi og utfordringar, og om kva som kan henda når forelskinga skal på utstilling.