
I skriftkulturens grenseland – tidleg literacy i barnehage, fritid og skule
Liv Ingrid Aske Håberg, Endre Brunstad, Gudrun Kløve Juuhl, Stig Jarle Helset
Laster...
Laster...
Av Endre Brunstad, Stig Jarle Helset, 2022, Ebok
Bok 4 i serien Skriftkultur
Denne boka er tilgjengelig i en gratis open access-utgave på noasp.no.
Utgangspunktet for dette nummeret av Skriftkultur er at det no er 150 år sidan Ivar Aasen lanserte landsmålet, som den gongen var utan valfridom i form- og bøyingsverket, og at dette skriftspråket av bestemte historiske årsaker har utvikla seg til eit nynorsk skriftspråk som er kjenneteikna av stor valfridom jamført med dei aller fleste andre offisielle skriftspråk i verda. Stendig nye rettskrivingar gjennom det 20. hundreåret medførte både motstand mot og vanskar ved implementeringa av reformene. Forlag og avishus laga sine eigne husnormer, og ei rekkje studiar har vist at elevar, studentar og jamvel lærarar har hatt vanskar med å halde styr på kva som til ei kvar tid er tillatne former i nynorsk. Samstundes blir norske elevar og studentar truleg eksponerte for meir bokmål enn nynorsk jamvel i kjerneområda for nynorsken på Vestlandet, noko som kan skape utfordringar for nynorskbrukarar.