Fordi du er
Av Odveig Klyve, 2025, Heftet
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 399,-
Fordi du er handlar om reise, eksil, krig, pandemi, ein klem, ein barndom og bratte vestlandsfjell, der sau kan falle, der far kan falle.
Kort etter den russiske invasjonen i Ukraina publiserte Odveig Klyve diktet sitt «Skjelv du på handa, Vladimir» på Facebook. Det gjekk viralt, blei delt og delt og spontant omsett til over 100 språk og dialektar. Dette diktet er sentralt i Fordi du er.
«Eit knippe tematiske trådar blir kasta fram i dikta: Krig, eksil, pandemi og migrasjon. Desse motiva, som må seiast å vere samtidsrelevante, kryssar og blir veva i kvarandre. Dei er på ei forvandlande reise gjennom dikta. (...) Den kroppslege nærleiken, det inderlege – kjærteiknet – har ein eigen plass i Klyve si dikting. Så også i denne diktboka, som ein klangbotn for heile boka.»
– Sindre Ekrheim, Stavanger Aftenblad
