Distriktspolitikkens historie i Norge
Av Håvard Teigen, 2019, Innbundet
- Akademisk
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 399,-
Distriktspolitikkens historie i Norge beskriver utviklinga av norsk distriktspolitikk i tida etter andre verdskrigen. Den starter med gjenreisinga av Nord-Norge og viser korleis denne politikken etter kvart kom til å omfatte utkantområde i Sør-Norge med tilsvarande utviklingsproblem.
Boka diskuterer korleis nettopp distriktspolitikken har vore viktig ved store vendepunkt, til dømes:
- Satsing på vekstsenter: Dette var eit stort stridsemne da Gerhardsen-epoken vart avløyst av Borten-regjeringa i 1965.
- EF-røystinga i 1972: Denne løyste ut eit distriktsopprør så sterkt at distriktspolitikken fekk ein dominerande plass i den første og viktigaste stortingsmeldinga om oljepolitikken i 1974.
- Den nye folkerøystinga i 1994 og dei siste vala, då distriktspolitikken har kome sterkt tilbake på dagsorden.
– Gunnar Yttri, Historisk tidsskrift, 11.12.2020«Folk som er interesserte i og forskar på norsk etterkrigshistorie, vil verta glade for denne boka. Det er i det heile eit stort gode at ein forfattar med Håvard Teigen sine omfattande kunnskapar om distriktspolitikken gir emnet ei samla historisk framstilling. Det er ei framstilling som avgrensar og gjer tydeleg distriktspolitikken i høve til andre politikkområde, og som evnar å få fram kva som på viktige punkt skil Noreg frå andre land. Bakgrunnen for eit spekter av ulike distriktspolitiske tiltak vert forstått og analysert ut ifrå kva som stod på spel i den tida tiltaka vart introduserte.»
