Det ringer
Av Evgenia Bektasova, 2026, Innbundet
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 399,-
Det ringer er ein karusell av psykologiske portrett som spinn og spør:
Er det rart?
Er det menneskeleg?
Er det rart at det er menneskeleg?
Blod i rivjernet, osten som likna raspa gulrøter. Karl kom og sleikte blodet frå fingrane mine. Han sleikte mine sår og spytta ut, som om eg blødde slangegift. Det kan hende eg begynner å bli forelska i han. Eg veit ikkje om eg vil la det skje. Me sprøsteikte den blodige osten oppå pizzaen sidan det er synd å kaste mat.
«Nykommaren greier altså det mange debutantar slit med, nemleg å underforklare heller enn å overforklare (...). Mørket ligg og lurer i fleire av novellene og må opnast for av lesaren.»
«Bektasova har skapt ni portrett som både er vittige, triste og djupt menneskelege (...). Det ringer er eit flott debutarbeid, der kvar av novellene tek like kort tid å lese som ein gjennomsnittleg kaffipause eller scrollerunde på mobilen. Berre prøv!»
– Marta Norheim, Morgenbladet
