Laster...
Av Oddgeir Bruaset, 2014, Innbundet
«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er basert på ein av dei mest populære fjernsynsseriane i nyare tid, signert av den folkekjære programskaparen og forfattaren Oddgeir Bruaset. Kven skulle tru at denne serien skulle bli så slitesterk gjennom tolv år? Det er dette spørsmålet denne boka gjev svar på. Her møter vi menneske som vel eit anna liv, eit liv langt frå rastlause urbane miljø. Menneske som ønskjer eit enklare liv, men som i tillegg har mot til å bryte opp og faktisk velje dette livet. Eit liv der gleda over resultatet av eige hardt arbeid er større løn enn «likes» på sosiale medium.
Vi blir til dømes med til fjellgarden Argehovd på Hardangervidda og møter Anne-Gro og Åsmund Løvås nærare 1000 meter over havet. For tjue år sidan var Anne-Gro med kjærasten Åsmund opp dit første gongen. Åsmund skulle vise henne den veglause fjellgarden han hadde fått tilbod om å overta. Næraste nabo var to andre fjellgardar nokre kilometer unna.
Fri frakt på bestillinger over 299,-