Laster...
Laster...
Fengselsundervisninga si historie i Noreg
Av Torfinn Langelid, 2019, Ebok
Innsette i norske fengsel har same rett til opplæring som andre borgarar. Likevel har det gått lang tid før dei har fått oppfylt rettane sine.
Dette er den første boka som gir ei samla framstilling av fengselsundervisninga i Noreg. Torfinn Langelid tek i denne boka for seg korleis opplæring i tukthus og fengsel opphavleg var knytt til det religiøse perspektivet gjennom bot- og betringstankegangen. Forfattaren gjer greie for korleis fengselsundervisninga etter kvart har blitt del av det ordinære skulesystemet. Boka får fram spenningar mellom fengsels- og skulesystemet og tek opp tema som desse: *Opplæring som spydspiss i dei importerte tenestene i kriminalomsorga *Norske og utanlandske innsette sine rettar til opplæring *Oppfølging etter avslutta soning som vilkår for eit kriminalitetsfritt liv *Samarbeid over landegrensene til beste for utdanning og arbeid for dei innsette.
– Jan Oscar Bodøgaard, Bedre Skole 4/2016
– Leif Petter Olaussen, Nordisk Tidsskrift for kriminalvidenskab 1/2016
– Erling Kokkersvold, Spesialpedagogikk 1/2016
– Gro Bjørntvedt, Telemarksavisa 3. oktober 2015