Farfar kom hit til bygda i ein båt. Han kom roande langs fjorden frå vest og steig i land. Han sådde jorda. Han bygde huset og fjøset. Han alte opp dyr. Han fostra opp barn: far og veslesøstera hans. Far fortel om farfar til graset veks over knea mine og mørkeret sig over jordet og det er på tide å hauste inn alt farfar planta her, for alle desse åra sidan, lenge før eg blei fødd. Dette er di slektshistorie, din arv, seier far. Det er dette du skal bygge vidare på. Eg kom òg frå ein annan stad. Eg kom ikkje roande frå vest. Eg kom flygande. Frå aust.