her er arret, her er såret, her er skattemelding og CV her er såre punkt, her er hard hud, her er kviser, cystar og hemoroidar her blir blodet reinsa og her sprekk stemma her er eit skilt over døra, her er andre kroppar velkomne inn her er kjønnshårets løkkeskrift her kjem driten ut her er sjansen til å bli rusmisbrukar og statsminister her kan eg bygge menneske og her kan eg miste dei her er det eg sel: kroppen i sitt endelege og sinnet: uendeleg universet som renn gjennom meg og eg som renn gjennom universet
Kva gjer ein når alle alarmar går? Og programvarer er utdatert? Og verktøy ikkje lenger er verktøy? I møtet med den største krisa og den lengste natta for menneskja, kva er det manualen for heile eksistensen seier? Han seier at alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast. Dette er det fantastiske og fryktelege med livet som vi kjenner det. Det er unikt, du er unik, og det er fortapt, du er fortapt. Slik rammar Kjersti Wøien Håland inn vår tid og bevissthet i denne diktsamlinga. Og det er innafor dette tilsynelatande håpløyse rammeverket at ho finn medkjensle, sjølvstende og overlevingsevne.

299,-
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 299,-
Om forfatterenProduktinformasjon
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2021
Forlag: Flamme forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788282884662
Antall sider: 112
Serienavn: Fº
Serienummer: 467
Kategori: Norsk skjønnlitteratur for voksne, Lyrikk, Lyrikk og skuespill
Kjersti Wøien Håland (f. 1988) kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Ho debuterte med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti i 2013 og vart nominert til Ungdommens Kritikerpris for romanen Dommedøgn (2014). Ho skreiv manuset til TV-serien Lovleg (2018–2019).