Alberto Caeiros poesi
Av Fernando Pessoa, 2012, Innbundet
Fri frakt på bestillinger over 399,-
Minst fire av dei største portugisiske forfatterskapa i moderne tid er skrivne av ein og same mann: Fernando Pessoa (1888–1935). Eit av hovudverka, Alberto Caeiros poesi, er utgitt i ei komplett utgåve på Flamme Forlag, i gjendikting ved Øystein Vidnes. Naturpoeten og sauegjetaren Alberto Caeiro var læremeisteren til alle dei andre forfattarane som Pessoa dikta opp. Dei opne og prosaiske dikta til Caeiro utgjer eit eige univers, prega av det enkle livet på landet og fornekting av dei store spørsmåla. Desse erstattar han med ein filosofi som handlar om å sjå, å ta inn verda gjennom auga, utan å filtrere inntrykka gjennom ein innlært fornuft.
"solid gjennomarbeidet og veldokumentert utgivelse, et stort løft for Flamme Forlag, og et høyst velkomment tilskudd til verdenslitteraturen på norsk."
– Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad
