"Solskjærs rose er den niande boka i serien om fotballaget Knoterud FK, sannsynlegvis Noregs dårlegaste fotballag. I denne boka drar laget til Molde for å delta på Rosenes Cup. (...) Framstillinga er morosam, velkomponert og spennande. Her er det nok komikk og spenningsmoment til å engasjere dei fleste lesarar."
"Forteljingane i serien er lette og munnlege i stilen, og dei har ein del fotballsjargong som gjer at dei passar ekstra godt for dei som er glade i fotball. Bok nummer ni gir høve til å reflektere over kva sportsånd er, og over det å vere psykisk sjuk. Knoterud-serien blir utgjeven som ein del av Cappelen Damms Leseløve-serie av lettlesne bøker. Bok nummer ni har to spennande historier i seg, som gjer sjansane gode for at sjølv ein som enno ikkje les så fort vil synast det er bryet verdt å finne ut korleis det går."
"Lars Mæhle skildrer fargerikt kampen om tall, kampen om ball og kampen mellom tall og ball. Som lesere er vi veldig til stede i begge oppgjørene. Forfatteren får godt fram forholdet barn-voksne og vennskapet unger imellom i et inkluderende og lettlest språk"