«Boka er sett saman av ni grundige artiklar om dei tema som er nemnde. Eg synest alt dette er interessant og lærerikt. Det gjev delvis ny kunnskap, som også nyanserer og justerer tidlegare framstillingar på nokre område. Det er lagt vekt på å få fram perspektiv som er lite framme i andre samanhengar. Samstundes som boka står godt på eigne bein, vert ho med det som eit supplement til andre framstillingar av Hauge, haugianarane og haugianismen. [...] ei svært interessant og god framstilling av viktige sider ved Hauge og haugianismen. Dette er ikkje berre ei bok for historisk interessert folk, men ei bok til lærdom og inspirasjon for alle som er samfunnsengasjerte.»