Bibliografi
«Hold heisen» - 2019
«Ei lettlesen novellsamling som også byr på visdom. Om unge vaksne som rotar rundt i liva sine. (...)
Det ligg heile tida ein ambivalens og ei nysgjerrigheit i perspektivet. Hovudpersonane er interessert i å oppleve og erfare sjølve livet,
og det betyr også å oppleve ekstrem ambivalens i mange møter, der blikket gjerne ser seg sjølv utanfor.
(...) denne novellesamlinga er fin i si lettheit, og eg syns Lindblad klarer å vise nokre tidsbilete som eg trur er veldig typiske for unge folk i vår tid.
Lindblad er veldig god til å skrive sexskildringar fordi ho heile tida skildrar korleis pussig tankemønsteret er under sexakten
og korleis personane ofte vurderer seg sjølv utanfrå i det som skulle vere det mest intime av alt.»– Kristin Auestad Danielsen, Stavanger Aftenblad
