Laster...
«eins pust» - 2021
«Som i Der ingen finn oss, leverer Asplund igjen ei bok prega av eit særeige språk og ei handling som bringer lesaren inn i ei heilt ny verd. (...) Språket er sanseleg, noko som gjer at ein tydleg ser føre seg det som blir skildra. (...)
Sjølv om handlinga er kompleks og vanskeleg å gripe gjer det poetiske og vakre språket diktsamlinga verdt å lese i seg sjølv.
Asplund har ein skarp penn og er ein meister på å lage stemningar med få, nøye utvalde ord. Det gjer at sjølv om eins pust ikkje er ein fulltreffar frå mi side, er Asplund likevel ein nykomar eg gler meg til å høyre meir i frå!»
– Jannicke Totland, Framtida.no
– Christian Gjerde, Framtida Junior, 22.02.2018«Der ingen finn oss» - 2018
"Debutboka, Der ingen finn oss, til Mathias Nyhagen Asplund er ei tenkande bok som handlar om å finne trøyst gjennom fantasien. For der kan vi alle vere sterke."
– Linnea Øyrann, 6. klasse, Valle skule, Framtida Junior, 26.03.2018«Der ingen finn oss» - 2018
"Boka var veldig lett å leve seg inn i, og ho var vanskelig å leggje frå seg. Ho starta ikkje så brått og handlinga byggjer seg opp utover i boka. Boka hadde eit viktig emne og det var: – aldri gi opp.
Eg synest absolutt at andre burde lese denne boka!"
– Ingrid Senje Rasmussen, Barnebokkritikk, 13.03.2018«Der ingen finn oss» - 2018
"Ei sterk og vond forteljing om å flykte inn i fantasien når røynda blir for vanskeleg å takle. Debutboka til Mathias Nyhagen Asplund blir sitjande att i kroppen etter enda lesing."
"Både i tone og tematikk steller Asplund seg på akslene til Astrid Lindgren og Jostein Gaarder, som har skildra sjukdom og fantasirike i Brødrene Løvehjerte, Mio min Mio og I et speil, i en gåte. Samstundes lykkast han i å tilføre noko særeiget til tematikken, eit preg som er berre hans.Gjennom å la lesaren få følgje hovudpersonane inn i eventyra dei sjølv skaper, syner Der ingen finn oss korleis fantasien kan tre fram som ei reddande kraft når ein treng den som aller mest."
– Christian, Framtida Junior, 22.02.2018«Der ingen finn oss» - 2018
"Der ingen finn oss, er ei tenkande bok som handlar om å finne trøyst gjennom fantasien. For der kan vi alle vere sterke."