Maria Parr
Maria Parr (f. 1981) kjem frå Fiskå i Vanylven på Sunnmøre. Ho er utdanna lektor, men jobbar fulltid som forfattar. Parr debuterte med barneboka Vaffelhjarte. Lena og eg i Knert-Mathilde i 2005. Boka blei mellom anna premiert med Nynorsk barnelitteraturpris (2005) og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel (2008) og vart spelt inn som TV-serie i 2011. Gjennombrotet som forfattar kom med romanen Tonje Glimmerdal (2009), ei bok som gav Maria Parr både Brageprisen, Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Teskjekjerringprisen. Parr har òg fått Brageprisen for Keeperen og havet (2017), ein frittståande oppfølgjar til Vaffelhjarte, og for Oskar og eg. Alla plassane vi er (2023).