"Det går altså for seg – også i den nyeste boka, «Gutt og Jente graver», er streken aggressiv, tempoet høyt og kaotisk, tegningene brøler, det graves med maskin, ville krefter er i fri dressur og ingens sveis ligger pent. (...) Men serien tar opp viktige temaer, med djerv, skrullete humor."
"Gutt og jenter later som er ei av to bøker i ein ny serie av Hilde Matre Larsen og Mari Kanstad Johnsen. Serien er inspirert av, men driv òg harselas med, pedagogisk innretta småbarnsbildebøker slik vi kjenner dei frå 70-talet. (…) Gjennom eit enkelt mønster manøvrerer forteljinga i store kjensler. Tekst og illustrasjon viser heile tida barneperspektivet, og speiler det eksplosive og fantastiske i leiken. (…) Det visuelle rommet endrar seg gjennom heile forteljinga, og med det klarer boka både å dramatisere og ufarleggjere kjenslelivet i leiken. Det er ikkje måte på kva som er mogleg om ein berre lèt som.