Hilde Opsal
Hilde Opsal (f. 1969) er førsteamanuensis med ein ph.d. i matematikkdidaktikk frå Universitetet i Agder. Ho disputerte i 2013 med ei avhandling om bruken av elevbøker i matematikk på ungdomssteget. Opsal har sidan 1995 arbeida ved Høgskulen i Volda på lærarutdanninga. Forskingsinteresser er klasseromstudiar i matematikk, elevar sin forståing innanfor sentrale omgrep i matematikk i grunnskulen. I dei seinare åra har Opsal forska på den historiske utviklinga av læreplanar i Norge, med eit spesielt fokus på moderne matematikk på 60- og 70-talet.