Hege Fimreite

Hege Fimreite er postdoktor ved Høgskulen på Vestlandet og har særlege forskingsinteresser innan rettleiing, leiing og pedagogisk innovasjon. Ho er leiar av EX-PED-LAB prosjektet til BARNkunne – Senter for barnehageforsking, og har eit spesielt ansvar for utprøving av verkstader med vekt på utforsking og samskaping i barnehagelærarutdanninga. Doktorgradsavhandlinga hennar set søkelys på kollegarettleiing som læringsaktivitet i barnehagelærarane sitt profesjonelle læringsfellesskap, og endring av den kollektive kunnskapen i barnehagen. Hege har erfaring som leiar frå både barnehage, skule og høgskule og har i tillegg spesialisering innan klinisk pedagogikk.