Fadwa Tuqan
Fadwa Tuqan (1917-2003) Fadwa Tuqan er rekna for å vera ein av dei viktigaste arabiske poetane i vår tid. Ho skapte og fornya eit poetisk språk for kvinnelege røynsler om kjærleik og sosialt opprør. Fadwa Tuqan vert fødd i 1917 i Nablus på Vestbreidda i Palestina, og budde der det meste av livet, til ho døyde i desember 2003. Ho kjem frå ein velståande og mektig palestinsk familie med sterke tradisjonar. Etter at dikta hennar vert omsett til engelsk, spansk, italiensk og fransk i 1980-åra, fikk ho eit internasjonalt publikum og vert mellom anna tildelt "The International Poetry Award" i Palermo, Italia