Laster...
«En liten verdenshistorie» - 2016
"Ernst H. Gombrichs En liten verdenshistorie er historieformidling på sitt beste: Den gjer det lett å lære, utan å forenkle eller ufarleggjere historia. [...] Det praktfulle ved Gombrichs pedagogikk er at ein uansett ikkje treng å notere for å få med seg det viktigaste. Det kjem så å seie av seg sjølv, når Gombrich gjer historieformidling til forteljekunst. Det gjer han ikkje på den storslegne, episke måten, ved å redusere historia til ei samanhengande forteljing. Heller ikkje på den meir fragmentariske måten, ved å fortelje eit mylder av mindre, sjølvstendige forteljingar. Snarare held Gombrich på lesaren ved å gi tankevekkjande samanlikningar og kople historiske fenomen til eller frå kvarandre, stundom også ved å stille direkte spørsmål til lesaren. Det er i sjølve forteljehandlinga at det eventyrlege drivet i boka blir til: «Alle historier begynner med ”Det var en gang”. Og det er nettopp det denne historien handler om: Det som en gang var».
[...] tonen i boka [er] ganske umiddelbar, ofte litt munnleg, utan at den blir mindre litterært tiltalande av den grunn. [...] Ein gjennomgåande styrke i boka, er at Gombrich ikkje berre vekkjer historia til live for den unge lesaren, men at han også vekkjer viktige refleksjonar om kva historie er og korleis den – alltid feilbarleg – blir til."
– Eivind Myklebust, Barnebokkritikk.no