
Med kråkenebb og kråkeføter
Av Per Olav Kaldestad
Laster...
– Judith Sørhus Litlehamar, Pirion”Dette er ei diktbok dei fleste kan ha glede av. Forfattar Kaldestad og illustratør Kramer har begge ei sterk interesse for fuglar og dyreliv, noko dei serverer borna på gullfat i denne diktsamlinga.”
"Ein er ikkje nett bortskjemd med nyskapande barnelyrikk med litterær kvalitet i Noreg. Difor er det kjekt med denne biletboka med dyre- og fugledikt av Kaldestad. I leikne, rørlege og sanselege dikt møter ein til dømes ekornet, skarven og pigghåen i sine naturlege habitat (...) Både dikta og illustrasjonane med sitt tematiske søkjelys på livet i strandsona, balanserer mellom noko konsentrert og noko fabulerande, og det gir boka ein fin rytme, og gjer at ho støtt overraskar."
– Sindre Ekrheim, Bergens Tidende
”Per Olav Kaldestad skrive fine dikt, særleg om fuglar og regn. No gjer han det igjen (…) Kramer arbeider dekorativt, stilisert og fargesterkt med digitale kollasjar, her er mange fine oppslag (…)”
– Ingeborg Mjør, Dag og Tid