«Den siste boka til Tore Renberg er ei utforsking av tap. Ved å tørre å vere utidsmessig, er Ingen tid å miste viktig samtidslitteratur.»
«Noko av det fine med Tore Renberg er at han, rett som det er, gjer noko heilt anna enn det som er forventa.»
«Den eigenarta stemmen vitnar tydeleg om eit liv og ei historie som no er borte. Tapt? Kanskje det, men vi treng det som forteljaren stadig minner oss på, berre litt «oppmerksomhet» og «konsentrasjon» for å kunne kome på sporet av den tapte tida. Og det er viktig «fordi vi har en fornemmelse av at om vi ikke snakker om dem, de som levde i den tiden som er forbi, så forsvinner de».
I etterordet takkar Renberg også si eiga kone for samtalar om «det mellommenneskelige», og mange vil vere glade for at forfattaren oppvurderer det mellommenneskelege som eit viktig kunnskapsfelt. Kva ligg så i omgrepet? Det dreier seg om interesse og kunnskap om andre menneske og det som er mellom menneska: Språket. Språket er i stand til å vere det språkforskarar kallar «bar and bond», altså noko som både kan skilje og foreine menneske. Ingen tid å miste viser tydeleg at både språket og menneska forandrar seg. Det mellommenneskelege er ikkje noko tidlaust, tvert om.
Våre eigne liv
Nettopp det daterte ved skildringa av møta mellom desse kvinnene, forteljingane om noko som ugjenkalleleg er fortid, peikar på det som er annleis og framand. På det viset blir god litteratur også eit møte med noko vi ikkje behøver å kjenne igjen frå våre eigne liv. Det daterte og framande gjer det lettare å sjå notida og liva våre i perspektiv.
Nettopp ved å tørre å vere utidsmessig, er Ingen tid å miste viktig samtidslitteratur. Det er stadig nødvendig å halde minnet om det som var og om dei som har gått føre, levande. Også for at vi sjølv skal bli i stand til å leve våre eigne, heilt annleise, men likevel menneskelege, liv.»