
Bøen
Av Brynjulf Jung Tjønn
Laster...
– Herman August Søberg, Framtida.no«For ein skrivekunst!»
– Jorid Saure, Nynorskbok.no«Jung Tjønn har skrive ein kjenslevar og gripande roman som det er vanskeleg å ikkje bli påverka av. Romanen er kort, berre på hundre sider, men er litteratur som gjev svært gode rom for tolking og refleksjon kring tema som mange ungdomar vil kjenne seg att i. Særleg språket og skildringane løftar forteljinga til å bli noko meir enn berre ei historie om det å vere annleis. Det er ei kunst å skrive godt for ungdom, men Jung Tjønn meistrar godt å skrive lyriske, tilgjengelege tekstar om krevjande tema retta mot aldersgruppa.»
«Fire år etter det prisbelønte verket Kvit norsk, mann (2022) gnistrer det igjen av Brynjulf Jung Tjønns forfatterskap. (…) En av de sterkeste bøkene i Tjønns forfatterskap, ungdomsromanen Smadra (2018), handler om en mor som utøver vold. Vold i nære relasjoner er også motiv i den nye romanen. (…) Hovedpersonen slites mellom vonde og vare følelser. Tankene fremstår som ugress, ikke ulikt Per Dybvigs bilder i boken; det er mørkt, tett og uregjerlig, men samtidig skjørt – og originalt.»
– Egon Låstad, Klassekampen Bokmagasinet
«Allereie frå starten er det noko som dirrar i boka. Tjønn tar i bruk naturen i rike bilete. (…) At naturen er viktig, viser seg i Per Dybvig sine illustrasjonar. (…) Dybvig sin strek er så vill og frodig at det er som om naturen veks mens ein ser på bileta. Det er vakkert, men det er og Agnar sitt fengsel, dette (…) Tematisk er Tjønn ganske uredd. Alt han har skrive før kling inn i Bøen. Her er kjærleik, foreldre som ikkje har det bra, omsorgssvikt, død. (…) Den indre dramatikken i Agnar vert fint spegla og utfordra i Dybvig sitt landskap.»
– Karen Frøsland Nystøyl, Periskop.no