Bjørg Viks vei
Av Lars Vik, 2021, Innbundet
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 299,-
«... det solide kjeldematerialet og ikkje minst openheita gjer boka til interessant lesnad. ...
Det er vel ikkje heilt lett for ein son å skrive biografien til mor si, særleg ikkje når ho er ein offentleg person som mange har ei meining om, og livet hennar heller ikkje har vore heilt beint, trass i ein borgarleg fasade. Lars Vik har hatt ei heldig hand. Alt som vedkjem forfattarverksemda, verkar truverdig og godt sett. Portrettet av mora er nært og varmt, ikkje utan humor, og heller ikkje utan ein viss kjærleg kritikk.
Lesaren kjem nær mennesket Bjørg Vik når ho vert skildra i kvardagen med ektemannen og i leik og samvær med barn og barnebarn. Ho står fram som varm og omsorgsfull, men òg som kritisk og til tider kontant. Og med ein sterk kjærleik til, livet, kva det enn byd på. Ein samansett eller «rund» skapning, som litteraturforskarar seier. Kanskje har Lars Viks bakgrunn som dramatikar og skodespelar hjelpt han her?»
– Jorunn Hareide, Dag og Tid
