Vidunderlege Vera (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2020
Antall sider: 240
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202665647
Kategori: Romaner
Omtale Vidunderlege Vera

I den vesle bygda Vrangdal sit Vera i billettluka i den lokale svømmehallen og håper at nokon i kommuneadministrasjonen skal døy. Eller gå av med pensjon. Gjerne det siste. Ho er ikkje vondskapsfull, berre desperat. Det er ikkje ein spesiell tilsett ho vil til livs, det kan være kven som helst, så lenge det vert ei stilling ledig.

For har ikkje ho høgare utdanning, kanskje? Og er ho ikkje både modig og handlekraftig så det held? Ei kvinne som ler høgt og slår seg på låra. Jo! Det hadde ho heilt gløymt.

Riktig nok er Vera nyskild, og riktig nok har eksmannen Stig allereie fått ny dame, ny unge og flytta inn i eit flunkande nytt hus rett nedi vegen. Men den nye kona ser då rett så ulykkeleg ut, gjer ho ikkje? Og den svenske lakseforskaren som har flytta til bygda, han har då eit godt auge til Vera?

Det skal ikkje meir til for å vekkje Vera til live att, og no, no skal ho reise kjerringa og den søvnige industribygda i same slengen. Dette vil krevje både kvite løgner, kløkt og kvinnelist. Heldigvis har Vera meir enn nok av alt det der. Men kva har ho å stille opp med når ein dramatisk ulykke på fjorden vender om på alle planane hennar?

Vidunderlege Vera er ein roman full av liv og lyst, kjærleik og løgner, humor og varme, rør og opprør, latter og reinspikka desperasjon.

Til toppen

Arrangementer

Andre utgaver

Vidunderlege Vera
Nynorsk Ebok 2020

Flere bøker av Siri M. Kvamme:

Om forfatter
Siri M. Kvamme (f.1975) har tidligere skrevet Raud og frå seg (2001). I 2008 kom hennes første roman Vinterhjerte, som ble godt mottatt av kritikerne. Det samme ble Nattgjengar, som kom i 2012. Siri M. Kvamme bor i Haugesund og har bakgrunn som kulturjournalist, bokmelder og har drevet Litterær Salong i Haugesund.