Han, solo
Av Robin Van de Walle, 2022, Ebok
Sendes umiddelbart
Ved kjøp av digitale produkter gjelder ikke angrerett.Lydbøkene og e-bøkene lagres på Min side under Digitale produkter, hvor man enkelt kan laste dem ned.
Han, solo er ei forteljing om kjærleik, identitet og tilhøyrsel. Robin er 26 år og nett blitt forlaten av mannen han trudde var den eine. Den plutselege kjærleikssorga opnar for ei erkjenningsreise av dei sjeldne; ei gransking av eige liv og bakgrunn som skeiv utlending i Noreg.
I denne sjangerutfordrande debutromanen blandast det høge og det låge på uanstrengt vis; Star Wars og Titanic, verdsrommet og havbotnen, språkfilosofi og tilfeldig sex. Men mest av alt handlar det om dei ulike formene for einsemd som kan gå som ein raud tråd gjennom livet – og om den evige leitinga etter ein heim.
Eg blei ikkje fødd som eit einsamt menneske. Noko må ha skjedd. Hòlet i meg var ikkje medfødd, eg må ha fått det på eit bestemt tidspunkt i livet. Når, lurer eg på. Kva dag, i kva år, på kva klokkeslett?
For lenge sidan, i ein galakse langt, langt borte …
«Robin Van de Walle balanserer det melankolske mot ein frigjerande og distanserande ironi, lun humor og rare og originale koplingar mellom likt og ulikt når det gjeld språk og nasjonalitet, nærvær og distanse, rotløyse og heimstad. Dette gir romanen eit løft og viser ein reflektert, ung mann (f. 1994) som kjenner sine referansar til både populærkultur, film, litteratur og filosofi (...)»
«ein høgst leseverdig roman»
– Oddmund Hagen, Dag og Tid
