Han, solo
Av Robin Van de Walle, 2022, Innbundet
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 399,-
Han, solo er ei forteljing om kjærleik, identitet og tilhøyrsel. Robin er 26 år og nett blitt forlaten av mannen han trudde var den eine. Den plutselege kjærleikssorga opnar for ei erkjenningsreise av dei sjeldne; ei gransking av eige liv og bakgrunn som skeiv utlending i Noreg.
I denne sjangerutfordrande debutromanen blandast det høge og det låge på uanstrengt vis; Star Wars og Titanic, verdsrommet og havbotnen, språkfilosofi og tilfeldig sex. Men mest av alt handlar det om dei ulike formene for einsemd som kan gå som ein raud tråd gjennom livet – og om den evige leitinga etter ein heim.
Eg blei ikkje fødd som eit einsamt menneske. Noko må ha skjedd. Hòlet i meg var ikkje medfødd, eg må ha fått det på eit bestemt tidspunkt i livet. Når, lurer eg på. Kva dag, i kva år, på kva klokkeslett?
For lenge sidan, i ein galakse langt, langt borte …
«... på sitt beste særs lovande.»
«gode tablå og refleksjonar som er slåande»
«Det er mange av Van de Walles tilsynelatande enkle grep og detaljerte skildringar som er effektive og gode (...). Eg synst også han klarer å både skrive og reflektere godt om tilfeldig sex og teknologiens grep på både seksualitet og relasjonar.»
«Eg føler meg heilt trygg på at det kjem til å kome eit nytt forfattarskap ut av dette.»
– Olaug Nilssen, Bergens Tidende
