Der ingen finn oss (Innbundet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2018
Antall sider: 128
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202570330
Kategori: Romaner for barn
Alder: 9 - 12
Omtale Der ingen finn oss
Bli med på ei reise inn i fantasien! Til ein stad der ingen finn oss ...

Han er sjuk, så sjuk at han ikkje går på skulen. Ho trivst ikkje på skulen, dei andre er ikkje greie mot henne. Dei to møtest mellom blokkene, og han tar henne med inn i fantasien, inn i eventyr dei skapar sjølv. Dei vil heller vere i fantasien enn i den verkelege verda. Der er dei sterke, der kan dei gjere som dei vil!

Mathias Nyhagen Asplunds debutbok DER INGEN FINN OSS skil seg ut på alle måtar. Det er ei stilfaren og tenksam, men også fantasifull og fabulerande bok, som grip tak i lesaren og ikkje slepp taket. Mathias Nyhagen Asplund har eit særeige språk og ein levande fantasi som overtyder alle som les boka om at fantasi er viktig. Viktigare enn å følgje reglar og å gjere ting «rett».

Til toppen

Andre utgaver

Der ingen finn oss
Nynorsk Ebok 2018
Anmeldelser av Der ingen finn oss

Aldri gi opp! 26.03.2018

"Boka var veldig lett å leve seg inn i, og ho var vanskelig å leggje frå seg. Ho starta ikkje så brått og handlinga byggjer seg opp utover i boka. Boka hadde eit viktig emne og det var: – aldri gi opp.

Eg synest absolutt at andre burde lese denne boka!"

Linnea Øyrann, 6. klasse, Valle skule, Framtida Junior

Ei reise i fantasien 22.02.2018

"Der ingen finn oss, er ei tenkande bok som handlar om å finne trøyst gjennom fantasien. For der kan vi alle vere sterke."Christian, Framtida Junior

Fantasien som redning 13.03.2018

"Ei sterk og vond forteljing om å flykte inn i fantasien når røynda blir for vanskeleg å takle. Debutboka til Mathias Nyhagen Asplund blir sitjande att i kroppen etter enda lesing."
"Både i tone og tematikk steller Asplund seg på akslene til Astrid Lindgren og Jostein Gaarder, som har skildra sjukdom og fantasirike i Brødrene Løvehjerte, Mio min Mio og I et speil, i en gåte. Samstundes lykkast han i å tilføre noko særeiget til tematikken, eit preg som er berre hans.

Gjennom å la lesaren få følgje hovudpersonane inn i eventyra dei sjølv skaper, syner Der ingen finn oss korleis fantasien kan tre fram som ei reddande kraft når ein treng den som aller mest."

Ingrid Senje Rasmussen, Barnebokkritikk

Til toppen