Laster...
Laster...
Velkommen til samtale om norsk politi under okkupasjonen med Øystein Hetland og Guri Hjeltnes.
Kvifor deltok norske politifolk i Holocaust? Kor stor motstand mot den tyske okkupasjonsmakta var det i politiet? Og korleis var det eigentleg å arbeida i eit norsk politi under eit press utan sidestykke korkje før eller etter? I samtale med historikar Guri Hjeltnes, tidlegare direktør for HL-senteret, vil forfattar Øystein Hetland gå djupare inn i desse og andre omstridde aspekt ved det norske politiet si historie frå krigen. Etter samtalen vil det bli høve til spørsmål frå publikum.
Ei forbanna plikt: norsk politi 1940-1945 er tredje bok i serien Det norske politis rettshistorie 1686–2025.
Arrangementet er gratis og åpent for alle, velkommen!