Ragnhild Furholt

Ragnhild Furholt

Omtale
Ragnhild Furholt har vore tilsett ved folkemusikkstudiet ved HiT sidan 1989. Ho er cand. mag. frå UiO og HiA med faga nordisk, folkeminnevitskap og musikkvitskap, og har mastergrad i kulturstudiar. Ho underviser i song, dans og ulike teoretiske emne om folkemusikk.

Ho har vunne Landskappleiken 4 gonger, sist i 2001 der ho også fekk Kongepokalen. I 1997 fekk ho Spellemannsprisen for CDen "Segner Syng". Gav ut cd-ane "...på alle strengjer" i 2001 og "Lån meg vengjene" i 2007. Ho fekk tildelt Statens arbeidsstipend for Folkekunstnarar i 1999 og 2007.