Lars Ove Seljestad
© Fotograf Silje Holte

Lars Ove Seljestad

Omtale

Informasjon fra forfatter:
Forfattaren er født i Odda i 1961. Han er utdanna sosiolog. I sitt sosiologiske virke har han særleg vore opptatt av arbeidet si kulturelle betydning og av relasjonen ungdom, arbeid og identitet. Forfattaren har også arbeidd med biografiske tilnærmingar til fagfeltet.

Etter oppvekst i industrikultur og trygg modernitet i heimstaden Odda, har forfattaren sidan 1980 levd eit postmoderne nomadisk liv med stadig nye biografiske overgangar og brot. Dette kjem til uttrykk både gjennom ei rekke ulike bustader og forflyttingar, så vel som ulike former for utdanning og arbeid.

Etter 1980 har forfattaren vore innom studiar ved tre ulike fakultet ved Universitetet i Oslo; det juridiske fakultet, det historisk-filosofiske fakultet og det samfunnsvitenskaplege fakultet. Han har studert kunstfag og drama i det norske folkehøgskulesystemet, litteratur ved Skrivekunstakademiet og vore forskarutdanna i Universitetet i Bergen sitt utdanningsprogram for samfunnsforskarar. Han var også ei kort tid innom og snuste på idehistorie ved Århus Universitet, samt etnologi ved Universitetet i Bergen. Ei tid var han også overbevist om at det var trebåtbyggar og småbrukar han skulle bli når han blei stor.

Forfattaren har ein brokete bukett arbeidserfaringar (slik alle gode forfattarar skal ha). Han har arbeidd som ovnspassar, syrepassar, strippar og diversemann i tungindustrien. Vidare har han vore anleggsarbeidar (rett nok berre hjelpearbeidar) i fjellheimen knytt til vestnorsk vasskraftutbygging. Forfattaren har også erfaring frå ulike former for kulturarbeid, både bakoverskuande og framtidsretta. Dei siste åra har han hovudsakleg arbeidd med forsking og undervisning.

Av stader der forfattaren i løpet av sitt vel 40-årige livsløp har budd, kan nemnast: Odda (sjølvsagt), Lillehammer, Oslo, Utne, Moskard, Øystese, Odda (igjen) Norheimsund, Århus, Bremen og Bergen.

Forfattaren er far til to flotte guttar på 12 og 14 år, som han prøver å tilbringa mest muleg tid saman med.

Og det var vel det som var verdt å sei om den saka.

Anmeldelser
Sterk debutroman om en manns flukt fra seg selv.""Her sjongleres det elegant mellom det realistiske og det fantastiske.""Seljestad innleder debutantåret 2005 med et brak."
 
Sindre Hovdenakk, VGBlind
"En kort og pregnant tittel på en språklig rikt flommende fortelling.""Lars Ove Seljestads sterke debut smaker det Vesaas-pris av."
Terje Stemland, AftenpostenBlind
"Lars Ove Seljestad har høstet mange lovord for sin roman «Blind», og Seljestad har en suveren debut med denne romanen."
Nøste Kendzior, NRK.noBlind
"Sjeldent vellykket debut fra smelteverket i Odda.""Den anbefales på det varmeste."
Cathrine Krøger, DagbladetBlind