Tore Renberg er kjend for sine lysande portrett av vanlege og uvanlege menneske, og ikkje minst norske menn. Tollak i romanen "Tollak til Ingeborg" er ein mann som har sterke krefter i seg – til arbeid, til kjærleik og til destruksjon. Foto: Marie Von Krogh

Vi gratulerer Tore Renberg med Nynorsk litteraturpris for romanen Tollak til Ingeborg. «Det er ei sterk historie som også kan få lesarane i den nye tida til å elske litteratur.» sier juryen om vinnerboka.

Tore Renberg debuterte i 1995 med Sovende floke, som han mottok Tarjei Vesaas' debutantpris for. Han har siden skrevet en rekke bøker for voksne og barn som blir lest av et stort publikum både i Norge og utlandet.

Tollak til Ingeborg ble hyllet av kritikerne da den ble lansert i 2020 og den vant Bokhandlerprisen. Tollak til Ingeborg fortel om Tollak, ein mann som har sterke krefter i seg – til arbeid, til kjærleik og til destruksjon.

Juryens begrunnelse

Nynorsk litteraturpris 2020 går til ein forfattar som sidan debuten i 1995 har vore høgt og breitt til stades i norsk litteratur. Forfattaren har skrive bøker for vaksne og unge, han har skrive tekstar for teater og han fyller på meir enn berre eitt vis rolla som ein folkekjær forfattar. Gjennom eigne bøker og filmatiseringar har han nådd ut til eit stort publikum, men han har heller ikkje vore redd for å vise fram sin eigen kjærleik til litteraturen. «Eg berre elsker litteratur», sa han på riksdekkande fjernsyn på 1990-talet, og det på eit vis som fekk oss til å tru på han. Dette er ein kjærleik som ikkje har rusta, og som fram til i dag har blitt stadfesta gjennom forfattarens evne til å finne nye litterære skodeplassar og nye språklege uttrykk, både på bokmål og på nynorsk.

Sjølve prisromanen er ei sterk og modig skildring av ein mann som høyrer fortida til. Det er noko djupt paradoksalt over denne mannen som på folkemunne berre går for å vere Tollak til Ingeborg. Som ektemann er det altså han som høyrer til henne, han blir definert via henne og han lever i hennar verd. Samstundes ber han med seg ein arv som skal få katastrofale følger både for kvinna som han elskar, og for han sjølv. Tollak har ikkje funne seg til rettes i ei samtid der byane blir «smarte» og der det nye byggelageret nede i bygda konkurrerer ut den gamle saga hans i Vestmarka. Men han held det gåande, for seg sjølv og familien, ved å finne næringsvegar som ligg på sida av lova. Nei, han er ikkje nokon idealfigur, Tollak frå dalen, og han utviklar eit meir og meir truande agg mot samfunnet. «Den nye tida vrikka på hoftene, skapte seg til framfor auga mine, skapte seg til som om ho var full, med blenkande tilbod eg ikkje var det grann interessert i», tenker Tollak. Det er i høve til ei slik verd at han sjølv høyrer fortida til.

Framstillinga av mannen frå bygda som reagerer med aggresjon på den nye tida ligg farleg nær ein kulturell stereotypi. Ei slik framstilling kan beint fram invitere til moralisering når den nye tida blir teikna med kvinnetrekk og vrikkande hofter. Når Tollak til Ingeborg veks fram til å bli eit meisterstykke av ein roman, er det fordi han vinn over denne opplagde stereotypien. Meistergrepet ligg i det litterære handverket der Tollak blir utvikla frå innsida. Sjølvsagt er Tollak ein brotsmann med ein mentalitet frå fortida, men han er også noko anna og noko meir. Tollak er også ein mann fylt av kjærleik. Han har elska andre, og han har blitt elska tilbake. Handlinga er lagt til vår eiga tid, men den vestnorske skodeplassen får ein nærast mytisk karakter. Byen med fiskemottaket, bygda med byggelageret og Oslo med universitetet er referansar der ute i verda. Sjølv ferdast Tollak helst i ei verd som strekker seg frå Vestmarka og Sørfjellet til Skarvedraget og Juvet på høgfjellet.

Både landskapet og språket er føresetnader for at romanen kan bere den symboltunge handlinga. For det er Tollak si historie dette, og han fortel historia til si Ingeborg. Dei korthogde setningane medverkar til å teikne opp portrettet av Tollak og ligg tett på å vere ein dramatisk monolog. Det er ei sterk historie som også kan få lesarane i den nye tida til å elske litteratur. Nynorsk litteraturpris 2020 går til Tore Renberg for romanen Tollak til Ingeborg.

Juryen har vore Heming Helland Gujord, Carl Morten Amundsen og Marta Norheim.

Nynorsk litteraturpris

Nynorsk litteraturpris er på 30 000 kroner, og han har vorte delt ut sidan 1982 av Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Samlaget.