Wimbledon (Innbundet)

Der graset er grønast

Forfatter:

Det er reisa til Wimbledons magiske gras, og det er skildringa av Roger Federers og Serena Williams kunstferdige spel. Det er dramaet i Borg og McEnroes dagar, då gatene i Norge var tomme då finalen vart spelt. Og det er moglegheita for ny tennisfeber – når talentet Capsper Ruud spring ut. Tennis strekar opp eit spenningsfelt som minner om livet sjølv. Boka «Wimbledon» er reisa til spelets kjerne.

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 288
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202542177
Kategori: Samfunn og debatt
Omtale Wimbledon
Ingen stad er graset så velstelt som i Wimbledon. Inga turnering er det tennisstjernene ønskjer å vinna meir enn den. Få finalar er like dyre som dei på Centre Court. Men også i Wimbledon finst det parkar der kan ein leggja seg i kø, og vona på ein billegare billett.

Dei intense duellane mellom John McEnroe og Björn Borg, mellom Williamssøstrene, og endeleg Roger Federer i møte med Rafael Nadal, har fengsla folk over heile verda. Ein gong spelte ei norsk kvinne i finalen på Centre Court. Kan henda kan ein nordmann gjera det skarpt igjen.

Med sats i ein svært berømt kamp skriv Gudmund Skjeldal om den kontrastrike og tradisjonsbestemte sporten tennis. Han fortel med amatørens lidenskap for racketkunstnaren Federer, og med idéhistorikarens syn for tradisjonen fair play. I Wimbledon blir spelarane minna om å tapa og vinna med stil.

Tennis er ein mental idrett meir enn dei fleste. Dette er reisa til spelets kjerne.

Til toppen

Noen bøker er idrettsprestasjoner. Dette er en slik.
Svein Egil Omdal, Bergens Tidende

Andre utgaver

Wimbledon
Nynorsk Ebok 2017
Wimbledon
Nynorsk Heftet 2018

Flere bøker av Gudmund Skjeldal:

Anmeldelser av Wimbledon

Litterær triumf på Centre Court 23.06.2017

Noen bøker er idrettsprestasjoner. Dette er en slik.
 
Sven Egil Omdal, Bergens Tidende

Tennis for tenkere 08.04.2017

Dette er sportsskriving av høy klasseBjørn Gabrielsen, Dagens Næringsliv

Å tenne på tennis

Du trenger ikke være en av tilbederne for å få glede av denne boken, selv om det hjelper, og det skyldes først og fremst forfatter Gudmund Skjeldals livlige språk, fantasifulle billedbruk og sterke personlige engasjement.Mari Grydeland, Aftenposten

Mekka for tennisnerdar 07.04.2017

Her vert språket hans like elegant som dei utrulege stoppballane Federer kan få til.Arild Pedersen, Dag og Tid

Til toppen

Om forfatter
Gudmund Skjeldal (fødd 1970) er utdanna idéhistorikar [frå universitetet i Oslo]. Han har vore slåttekar og skiløpar, lektor og klimakampanjeleiar, journalist og kommentator. Han er forfattar av åtte bøker, så som dei kritikarroste Den siste langrennaren (2005) og Diktaren i bombeflyet (2012), ein biografi om Nordahl Grieg, og Wimbledon (2017). For tida held han på med historia om «Bergens Tidende».