«[ ...] virtuost, vakkert og effektivt [...] Myggfangerne er ein uvanleg fin og presis roman, skriven for det meste i korte setningar og i presens. Det gjer det som hender meir røynleg, det skjer nett no, det ovrar seg og er ekte, ikkje referert eller omsett. Her er ingen eufemismar, ingen runddans kring den heite grauten. Presisjonsnivået i språket kombinert med den absolutt usentimentale skildringa gjer sjølv det uappetittlege fascinerande, det er noko som er til, ein føresetnad, som tida eller gravitasjonen [...] Det er mykje alvor i denne boka, og alvorlege hendingar, men den nøytrale måten alt vert skildra på, gjer det også stundom komisk, ikkje minst når Päivi på nokre få liner skriv om bryllaupet sitt. Men boka er korkje komedie eller tragedie. Ho er eit stykke framifrå skrivekunst, om det vesle mennesket i det endelause verdsrommet.»
Odd W. Surén, Dag og Tid, 27.01.2017 Les hele anmeldelsen