Ho som var så søt (Ebok)

Forfatter:

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side kort tid etter kjøp. Kan sendes til Kindle.

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2012
Antall sider: 171
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 0.99 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Bokmål
ISBN/EAN: 9788202387167
Kategori: Romaner
Omtale Ho som var så søt

Berit nærmar seg 60 år. Etter ho blei uføretrygda frå lærarjobben har ho levd eit rolig liv, stort sett heime i huset. Ho les bøker, strikkar, og lagar middag til mannen som framleis er i arbeid. Men ho blir stadig plaga av gamle minne. Det som plutselig skjedde den gongen, då ho gjekk siste året på ungdomsskulen. Det var jo så å seia ingenting i forhold til alt det andre som skjer i verda. Men gong etter gong krev det liksom å bli tenkt gjennom. Ute er det iskald vinter. Svære haugar med snø ligg over hus og landskap.

Rune Belsvik tar oss rett inn i uroa til ei ung kvinne, og fortel om hennar erfaringar og utforsking i møte med menn. HO SOM VAR SÅ SØT er eit truverdig og sterkt kvinneportrett. Det er godt gjort av ein mann å skrive så åpent og medrivande om korleis overgrep kan prege eit heilt liv.

Til toppen

Andre utgaver

Ho som var så søt
Nynorsk Innbundet 2012
Om forfatter

Rune Belsvik er fødd i Haugesund i 1956 og oppvokst på Stord. Han bur nå i Randesund ved Kristiansand. Rune Belsvik debuterte i 1979 med Ingen drittunge lenger, som han også fekk Noregs mållags pris for i 1980. For barnebøkene om Dustefjerten har Belsvik fått Kulturdepartementets litteraturpris. Dustefjerten er òg kjend frå barnetimen i NRK.
Rune Belsvik blei tildelt Brageprisen 2000 for beste ungdomsbok, og har eit breitt og mykje verdsett forfattarskap bak seg. Han har dikta ei vedunderleg forteljing - Verdas mest forelska par (2001) - for barn og vaksne om kjærleikens magi og utfordringar, og om kva som kan henda når forelskinga skal på utstilling.